Badereglar
Tryggleik og trivnad
Me ynskjer at du som gjest skal føla størst mogleg tryggleik og trivnad. For å oppnå dette må alle gjester følgja nokre felles reglar. All bading føregår på eige ansvar. Slå alarm til badevertane dersom du oppdagar personar som treng hjelp.
Born og ikkje-symjedyktige
er du 10 år og har våtkort kan du bada åleine på eige ansvar
Er du 12 år og symjedyktig kan du bada åleine
Born under 12 må ha fylgje av symjedyktig vaksen
Maks 3 born eller ikkje-symjedyktige per vaksen
ditt barn, ditt ansvar.
Djup ende av bassenget er kun for symjedyktige
Før bading
Dusj naken før du går i bassenget
Bad i reint badetøy
Bleieborn må bruke badebleie
Ikkje spring i dusjområdet
Generelt
Røyk, snus og tyggis er ikkje tillate
Å ta bilete i dusj- og garderobeområda er forbode
Billetten gjeld for éin innpassering. Ein kan ikkje gå ut og kome inn igjen til badeområdet
Ved bassenget
Høyr på badevertane
Ikkje spring i bassengområde
Ikkje stup eller hopp frå langsidene
Ingen store badeleikar i bassenget
1 om gongen i den korte, bratte sklia
Maks 3 om gongen i den lange sklia
born under 5 år må ta lange sklia saman med vaksen
Stupetårn:
1 om gongen og sjå at det er klart
Snorkel skal kun nyttast ved symjeopplæring
Kontakt badevert om du vil ta bilete ved bassenget