Badstova
«Folkebadstova» på Voss.
14,2 kvadratmeter med badstuglede, med den beste plasseringa ein kunne ynskja seg. Stor, romsleg og med utsikt til Vangsvatnet, aktivitetsparken og utebassenget. Ei storstove for lauging og badstu.
Om Badstova
Størrelse: 14,2 m2
Kapasitet: mange (me veit ikkje heilt endå)
Type ovn: Elektrisk (kan fjernstyrast)
Prisar
Badstova | I opningstid | Utanfor opningstid |
---|---|---|
Per person | Inkludert i vanleg inngangsbillett | 150,- |
Privat booking av heile badstova | Ikkje mogleg | 1500,- |
Leigevilkår
- Minimum to personer
- Leigetakar må vere 18 år. Born kan kun vere med i fylgje med vaksne
- Born skal ikkje vere åleine i badstova eller bada åleine
- All bading og badstove skjer på eige ansvar
Badstovereglar
Vis omsyn. Hugs at nokon verdsett ro i badstova.
- Badetøy er påbode.
- Møt opp rein og nydusja før du går inn i badstova.
- Alle MÅ dusja før og etter bruk av badstova. Du finn dusj med kaldtvatn utanfor badstova.
- Av hygieniske årsaker oppfordrar me til å sitja på handduken din.
- Dette er ei offentleg badstove. Det er difor ikkje lov å bruka olje i badstova grunna fare for allergiske reaksjoner og for at flest mogleg skal kunne nytta ho.
- Det er forbode med alkohol i badstova og i leigetida.
- Det er ikke lov med mat i badstova.
- Du kan verta bortvist, nekta adgang eller anmeldt om du er synelg berusa.
- Ikkje gå inn i badstova med utesko.
- Ovnen er varm. Ikkje sitt eller ta på ovnen!
- Bad ikkje åleina, ta med deg ein ven
Brot på reglane betyr at du vert nekta adgang og at gruppa som har leigd vert nekta å leige igjen.
Badstovevett og risiko
Bruk av badstu skjer på eige ansvar. Ikkje sit for lenge og hugs å drikke vatn!
- Små barn vert fraråda å nytta badstu
- Forlat badstova dersom du føler du deg ukomfortabel, svimmel eller søvnig.
- Badstove og vinterbading anbefalast ikkje for personar med hjerte- og blodkarliingar. Gravide og menneske med hjartesjukdommar vert tilråda å bruke sunn fornuft i badstu.
- Veksling mellom varmt og iskaldt kan vera ei utfordring for kroppen, så lytt til signal frå din eigen kropp før du tek steget ut i vinterbadinga.
Vér merksam på glatte golv og glatt uteområde.