Ditt barn, ditt ansvar!
Me passar på vatnet – du passar på poden
Foreldre skal følgje med barna – badevertane reddar liv. I lag gjer me bading trygt og kjekt for alle! 💦
Foreldre/føresette har hovudansvaret for å følgja med på eigne ungar.
Badevertane våre er ikkje barnevakter – men dei er her for å halda tryggleik i heile anlegget og for alle gjestar. Ditt barn er ditt ansvar.
- BARN UNDER 5 ÅR:
Må alltid vera innan rekkjevidd – og er dei i vatnet, skal du vera der òg. - BARN UNDER 12 ÅR:
Må ha følgje av vaksen inn i anlegget og må passast aktivt. Du skal ha konstant augekontakt, ha på badekle og vera nær. - BARN UTAN TILSYN (uansett alder):
Blir fjerna frå vatnet viss badevakta meiner det er fare for tryggleiken.
Tryggleik startar med ansvarlege føresette
Ikkje snu ryggen til – ver aktivt til stades:
- Når du skiftar
- Når du er med fleire barn
- Når du småpratar
- Når du bruker mobilen
Legg vekk:
- Musikk
- Mobil
- Bok
- Laptop