lilla badestige

Fasilitetar

Voss Utebasseng har noko for alle!

lilla strekperson som symjar

25m basseng

25m basseng med 6 banar uten startblokkar. Stupetårnet er tilknytta dette bassenget.

Temperatur

Så varm det let seg gjera uten at det vert for dyrt

Dybde

Dybden går frå 0.65m (sør) og til 1,55m (i midten) før det vert brått djupt til 3,9m under stupetårnet (nord).

baby strekperson

Barnebasseng (plaskebasseng)

Barnebasseng for dei minste, med ei lita sklie.

Dybde

Dybden er 0,4m

lilla strekperrsoner som skal stupe mot venstre

Stupetårn

Stupetårn med stupeplatå på 5m og stupebrett på 3 m. Stupetårnet er tilknytta 25m bassenget, så sjå deg for før du hoppar!

Lilla sklie

Bratt vannsklie

Bratt vannsklie frå 5m og ut i 25m bassenget på 3,9m dybde. Her er det kun lov å skli ein om gongen. Alle som skal nytta denne må vera symjedyktig.

3 strekpersoner i sklie

Snill vannsklie med vannstopp

Maks 3 om gongen i den lange sklia. Barn under 5 år skal kun ta sklia saman med ein vaksen.

badstue utebassenget

«Badstova»

«Folkebadstova» på Voss. Stor, romsleg og med utsikt til Vangsvatnet, aktivitetsparken og utebassenget. Ei storstove for lauging og badstu.

lilla strekperson på kafe

Utebassenget kafé

Den beste uteserveringa på Voss. Ungdommeleg. Streetfood-inspirert. Noko anna enn det en elles finn på Voss.