Miljø, klima og arbeidsmiljø
Revidert 22.06.2023
Miljøpolicy Vossabadet og Voss Idrettshall KF
Vossabadet og Voss Idrettshall KF er eit kommunalt føretak som arbeider for å fremje folkehelse, symjedugleik, idrett og kultur i Voss Herad. Me har ansvaret for organisering og drift av Voss Idrettshall og Vossabadet, samt forvalting av bygg og anlegg på ein berekraftig måte.
Føretaket skal arbeide for høgast mogleg aktivitet i hallane, ha ein tydeleg miljøprofil, og vere nyskapande. Vårt mål er å bidra til at Voss Herad når måla som er fastsette i kommuneplanen sin samfunnsdel og handlingsplan/økonomiplan. Vidare skal føretaket medverke til at Voss er eit sterkt regionsentrum ved å tilby attraktive, innovative og inkluderande aktivitetstilbod. Dette vil påverke vår evne til å nå berekraftmålet om «god helse».
Klima og miljø
Vossabadet og Voss Idrettshall KF er opptatt av å vere miljømessig berekraftige og er særleg merksame på vårt samfunnsansvar for å redusere miljøpåverknaden av vår verksemd. Vi vil halde våre klimaforpliktelsar ved å gjennomføre kontinuerlege og umiddelbare tiltak for å bekjempe klimaendringar og deira konsekvensar i samsvar med FNs klimamål. Overordna vil vi støtte Voss Herad sin planlegging og strategi. Vi gjer jamlege vurderingar for å redusere energiforbruket vårt innanfor rammane som eit kommunalt føretak. Me gjer kontinuerleg vurderingar av korleis me, innafor desse ramma, kan bidra best til Voss Herad sine overordna mål, Miljødirektoratet, og korleis me kan arbeide for å nå FN sine berekraftsmål.
Vossabadet og Voss Idrettshall KF har eit miljøstyringssystem basert på ISO 14001 og skal til ei kvar tid vere sertifiserte som Miljøfyrtårn. Me er og omfatta av Voss Herad sitt klimabudsjett, klimarekneskap og dei til ei kvar tid samla strategiane, satsingane og måla Voss Herad har for klima, miljø og arbeidsmiljø. Vår verksemd skal baserast på gjeldande miljølovgjeving, myndigheitskrav og forskrifter innanfor miljøområdet, samt andre bindande krav fastsett av våre eigarar (Voss Herad), kundar og andre. Ein kontinuerleg forbetring av vårt miljøstyringssystem og miljøarbeid skjer gjennom årlege revisjonar, miljøsertifiseringar, handtering av avvik, HMS/dokumentasjonssystem og risikovurderingar. Miljøarbeidet inkluderer identifisering, kontroll og oppfølging av viktige aspekt som er vurderte å ha miljøpåverknad, samt måling av utvalde nøkkeltal spesifisert i dei standardane me fylgjer.
Dei tilsette i Vossabadet og Voss Idrettshall KF skal jobbe for å redusere sin miljøpåverknad:
- I føretakets daglege prosessar, som gjenvinning og sortering av avfall, forbruk av ressursar som straum, papir og andre materialar, eller val av transportmiddel for transport og reise.
- I planlegging og gjennomføring av prosjekt, som å medverke til utvikling av analysemetodar som krev mindre prøvemengder, bruk av mindre mengde kjemikaliar, overgang til kjemikaliar med mindre miljøpåverknad, eller å bidra til trygg handtering av kjemikaliar.
- Ved innkjøp av varer og tenester, som føretruke leverandørar med meir klimavennlege råvarer, reinare produksjon og meir miljøvenleg transport.
- Vossabadet og Voss Idrettshall KF vil forsøke å påverke eksterne og interne interessentar til auka medvit, motivere personalet, og oppmuntre til å komme med idear og forslag til forbetring. Leiinga, Voss Herad, og den miljøansvarlege i verksemda skal sikre at vår Miljøpolitikk og Miljøstyringssystem er implementert og i bruk hjå oss. Miljøpolitikken vert formidla via Vossabadet si nettside, og i dokument knytt til Miljøstyringssystemet og dokumentarkivet.
Arbeidsmiljø
I Vossabadet og Voss Idrettshall skal det ikkje førekoma forskjellsbehandling mellom kjønn, alder og etnisitet i saker som omhandlar løn eller arbeidsforhold. Føretaket skal vera ein arbeidsplass der det er full likestilling mellom kvinner og menn. Likestilling mellom kjønn vert sikra gjennom den daglege drifta. Vossabadet ynskjer til ei kvar tid å ha både menn og kvinner på jobb, for å kunne utføra dei oppgåvene som er naudsynt for drifta av badet. Fordelinga mellom kvinner og menn i føretaket er jamn.
Føretaket legg til rette for integrering og opplæring, og har tilsette frå ein rekke ulike nasjonalitetar.
For mange unge ringevikarar er Vossabadet første møte med arbeidsgjevar, og dette er eit ansvar føretaket må forvalte på ein god måte.
Som kommunalt føretak er Vossabadet og Voss Idrettshall omfatta av Voss Herad sin overordna personalpolitikk og personalhandbok og opererer i tråd med KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon) mål og strategiar for arbeidsmiljø og personalpolitikk.
Ingen ansatte Vossabadet og Voss Idrettshall i skal trenge å rammast av fysisk eller psykisk sjukdom eller bli skadet som fylgje av jobben sin. Skulle det likevel skje, har Vossabadet og Voss Idrettshall KF og Voss Herad som arbeidsgjevar rutinar på plass for å handtere situasjonen og hjelpe den som er ramma.
Basert på eigen risikovurdering og gjeldande arbeidsmiljøforskrifter, samt Voss Herad og KS’s sine standarder jobber vi systematisk forebyggende og fokuserer arbeidsmiljøarbeidet på å:
- Forhindre usunne arbeidsbelastninger ved å fremja en balanse mellom krav og ressurar på jobben.
- Forhindre mangler i det fysiske arbeidsmiljøet knyttet til arbeidsstilling,utstyr, belysning og ventilasjon.
- Operera i tråd med vår nulltoleranse for krenkande særbehandling, mobbing og seksuell trakassering ihht. AKAN retningslinjer og handlingsplan for Voss Herad.
- Skape ein inkluderande kultur.
- Systematisk HMS-arbeid i samarbeid med Bedriftshelse1, med mål om å gjere arbeidsmiljøet best mogleg.
I KS’ arbeidsgjevarstrategi handlar arbeidsgjevarpolitikk om å utvikle tre relasjonar:
- relasjonen mellom leiar og medarbeidar/tillitsvald
- relasjonen mellom medarbeidar og innbyggjar/brukar/partnar
- relasjonen mellom arbeidsgjevar og arbeidsmarknad
Ein god arbeidsgjevarpolitikk:
- utgjer eit felles verdifundament for folkevalde, leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde
- fremjar utvikling og måloppnåing, arbeidsmiljø og trivsel
- kan brukast i kommunikasjonen overfor omgjevnadene for å auke kommunen sin attraktivitet
Saman med arbeidsmiljølova og arbeidstvistlova er tariffavtalane sentrale for utforminga av samspelet mellom arbeidsgjevaren og arbeidstakaren. Når det gjeld den lokale arbeidsgivarpolitikken, kjem han til uttrykk gjennom personalpolitiske retningsliner, lokal lønspolitikk og/eller tilsvarande dokument.
Les meir:
Voss herad etiske retningslinjer
Vossaklima 2030
FN’s Bærekraftsmål
Personalhandbok, Voss Herad
For tilsette:Reglement, ruting og retningliner i Voss Herad
For tilsette: HMS i Voss Herad
KS: Kommunenes personalhåndbok, kapittel 7.6 «Arbeidsgiverpolitikk og ledelse»
KS: Arbeidsgiver: Stolt og unik – Arbeidsgiverstrategi mot 2020
KS: Etikk (ks.no)